Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ledige stillingar på SFO frå hausten 2024

SFO på Rosseland er i stadig vekst, og me har difor behov for nye tilsette.                                                          Frå hausten 2024 er det påmeldt over 220 barn på SFO. Barn treng trygge vaksne, som kan møta dei med eit smil, og som kan bidra til at det framleis blir eit godt og variert tilbod på SFO. 

Er det deg me er på jakt etter? 

 

Me har ledig:

4 stillingar som fagarbeidar på Rosseland SFO; storleik 40% -45% fast 

For to av desse stillingane vil det vera mogleg å kombinera med arbeid i skulen, slik at stillinga totalt sett blir 80-90%.

I dei to resterande stillingane vil skulen leggja til rette for å kombinera SFO-stillinga med stilling i helse/avlastning om det er ønskeleg med større stillingsprosent.   

For å få vita meir om stillingane, kan du ta kontakt med SFO leiar Ida K. Sinnes mob. 407 25 704,  eller     Rektor: Geir Soma, mob. 97581636