Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
7.trinn i Timehallen

Rosseland skule er blitt for liten til å husa alle elevane våre, og me har no fått ein filial i Timehallen. Der skal 7.trinn gå dei neste åra, medan me ventar på at det blir bygd ein ny barneskule på Bryne. 555 elevar starta skuleåret sitt onsdag 17.august, og 77 av desse skal gå i Timehallen

Elevane på 7.trinn var ekstra spenta då dei starta skuleåret på onsdag. Korleis ville det sjå ut i Timehallen, og korleis ville det kjennast å gå der – etter 6 trygge og gode år her på Rosseland. Elevane ga uttrykk for at det såg bra ut, men at det var lite å gjera i friminutta. Me er trygge på at dei skal få eit fint år i Timehallen, og at samhaldet elevane i mellom vil bli styrka, når dei får vera så mykje saman.

Skulen har fått nokre spørsmål frå foreldre som går på trafikksikkerheit og aktivitetstilbodet på uteområdet.   Målet var at alt skulle vera klart til skulestart, men det rakk me av ulike grunnar ikkje å få til. Me  måtte prioritera å få alt på plass «innomhus». Dette klarte me og elevene har fått et godt tilrettelagt skuletilbod i Timehallen.   Uteområdet står no igjen, og det vil bli ferdigstilt med det aller første.

Som eg sa på foreldremøtet i vår, er arealet er ved Timehallen begrensa. Me vil tidvis og la elevane bruka utearealet på Rosseland skule (f.eks. kunstgrasbanen).    Dette er på plass: Oppstillingsplass for syklar, og gangsti som sluser dei aller fleste av elevane trygt bort fra trafikken. Elevane er informert om korleis me ønskjer dei skal komme seg tryggast mogleg til Timehallen. Fotballmål er sette opp på plenen, som er liten, men det er fullt mogleg å spela fotball der. Eit bordtennisbord er sett inn i tilknytning til areala våre ned trappa ved inngangen.  

Slik er planane vidare:

  •   Sykkelparkering og gangsti blir asfaltert
  •   Området blir gjerda inne slik at grensene mellom området vårt og vgs blir tydeleg. dette arbeidet er i gang
  •   Hindringar blir sette opp for å unngå uvettig ATV-kjøring. Elevane på vgs blir slusa rundt, og på utsida av område vårt.
  •   Det blir montert 2 basketkorger på veggen på utsida
  •   Det blir sett opp bord og benker utanfor inngangen
  •   Det blir sett opp eit utandørs bordtennisbord på området.
  •   Hoppetau og annet «småutstyr» vil ver tilgjengelig

Uteområdet er ikkje ideelt,  men skulen meiner  at dette må vere eit akseptabelt tilbod for elevane, når situasjonen er slik han er. Det må og takast med i dette perspektivet at elevane brukar uteområdet i snitt 1 time kvar dag.