Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Besøk av Superbussen

I dag kom NRK på hjul til Sagstad skule - med Superbussen. Elevane på 1.-6. trinn fekk servert eit fantastisk sceneshow med to ernergiske programleiarar frå NRK Super. I tillegg var Fantorangen å sjå på scena. Dei hadde innslag frå kjende program frå NRK Super, som Labyrint, Newton og Supernytt. Dei hadde og eit par lokale saker frå Sagstad skule, til stor jubel blant elevane. 

Elevane var ein viktig del av showet - og viste seg som eit flott publikum! Det var konkurranse mellom vaksne og elevar om kven som kunne lage mest lyd blant anna. Ein lærar og ein elev måtte konkurrere i å ta planken, der programleiarane fekk gjere kva dei ville for å få den som var på lag med seg til å vinne. Det endte med at Fantorangen sette seg på læraren medan han stod planke. Det måtte gå dårleg - han "kollapsa". I forkant hadde han sagt "Klart eg kan" på ulike spørsmål frå programleiarane. Så får vi sjå om han klarer å innfri is til alle elevane og ein leksefri dag. 

Den eine programleiaren fekk smurt slim blanda med kakaopulver og marshmallows i fjeset, akkurat som barna som er med på Labyrint får. Dette til stor jubel frå elevane. Elevane blei og dusja med slim. Å bli ekstra våte gjorde ingenting, for dei fleste var godt kledd pga regnet. Elles var det sang og dans. Alle avslutta med å danse BlimE-dansen. 

Programleiarane hadde ein viktig appell til slutt: 
DEI KULE FOLKA ER DEI SOM ER GREI MED ALLE, SJØLV OM DEI GJERNE ER LITT ANNLEIS.
SEI HEI, VER EIN VENN OG BLI MED! 

Showet blei ferdig, men i alle fall den eine programleiaren fekk det travelt med å skrive autografar til ivrige elevar.