Grilling i Prestaneset
Publisert: 02.02.2012 skrive av: KAS
Endeleg ein dag med fint ver og me i 3. klasse ville nytta dagen ute. Heldigvis har me eit så flott uteområde som Prestaneset rett ved skulen, så me tok med ein sekk ved og grilla oss lunsj. Me hadde med oss knivar og spikka grillpinnar. Me steikte pinnebrød og nokon av oss hadde med bålniste.
TRENINGSGRUPPER
Publisert: 09.01.2012 skrive av: BKB

Treningsgrupper for barn og unge med overvekt.
Helsesøstertenesta, fysioterapitenesta og folkehelsekoordinator i Austevoll kommune ynskjer i samarbeid med Livsstilsenteret å starte opp treningsgrupper for barn og unge med overvekt.
Samarbeidsprosjektet tek sikte på å gje barn og ungdom med overvekt eit tilbod om fysisk aktivitet, der målet er at barna skal kjenne mestring og glede ved å vere fysisk aktiv.
Du kan lese meir om dette i vedlegget som heiter treningsgrupper
Skulefrukt
Publisert: 06.01.2012 skrive av: BKB
Du kan no gå inn og tinge skulefrukt for våren ved å klikke her
Julegraut
Publisert: 20.12.2011 skrive av: TBR
Tysdag hadde 1. og 5. trinn grautfest. Vi kosa oss med song og graut i lokale til SFO. Restane av grauten sat vi på loftet med håp om at skulenissen skal vere snill med oss neste år. Under kan du sjå bilete frå måltidet.
Julefest
Publisert: 20.12.2011 skrive av: BKB
Her kjem nokre fine bilete frå julefesten for dei yngste elevane
Sjå fleire artiklar >>