1.-4. klasse hadde i dag besøk av Den Kulturelle Skulesekken og førestillinga; Gjekk Moe på do, tru? Aimi Wallumrød og Ingvild Græsvold tok elevane med til Moe gard for å blåsa støv av bøkene og liv i eventyra. Samanmed elevane fabulerte dei om tida Moe levde i, om garden han budde på, og korleis eventyra reiste frå munn til øyre til munn. Kanskje byrja dei på do?
-Dette toppar alt av det me har sett til nå, var det ei av jentene som sa. -Dette var ikkje berre fantastisk, men fantastisk bra, sa ein av gutane. Ei særs vellukka førestilling, altså!