Bore U. som praksisskule
Vi på Bore U. er stolte av å vere praksisskule. Vi legg vekt på at heile skulen er ein praksisskule, og heile kollegiet tek ansvar for at studentane skal føle seg velkomne hjå oss. Alle er klare til å rettleia og hjelpa studentane, slik at dei skal kjenna at vekene på Bore U. er lærerike. Vi har fleire ansatte som har teke praksislærarutdanning eller studiepoeng i rettleiingspedagogikk.
Sjølv om heile skulen skal bidra til studentane si læring har desse lærarane særskild ansvar for studentane som kjem i år:
9. trinn: Andreas Penne Nygård
10. trinn: Lars Tjelle
I høgre marg kan du sjå "Skulebasert praksisplan."