Orstad læringssenter er eit tilbod for elevar i Klepp kommune. Det er i hovudsak eit grunnskuletilbod for elevar med autisme, store og samansette vanskar eller multifunksjonshemming. Elevane har så store utfordringar at inkludering i ordinærskule er vanskeleg. Det er 12 elevplassar ved senteret. Vi har eit eige sanserom, der ulike sanseopplevingar gir nye innfallsvinklar til initiativ, kommunikasjon og samspel. Vi skal bidra til at alle elevar får mogleigheit til å realisera sine evner og talent. Elevane skal kartleggast, forståast og få tilrettelagt undervisning på sitt nivå. Vårt mål er at vi skal skapa eit godt læringsmiljø for alle elevar. Dei elevane som har utbytte av det, fagleg eller sosialt, knyttast til sitt klassetrinn i ordinærskule og kan delta i enkelttimar der. Elevar ved Orstad skule kan også delta i aktuelle undervisningssituasjonar på Læringssenteret. Nøkkelord hos oss er læringsforståing, spesialpedagogisk kompetanse, sosial dugleik og rettleiingskompetanse som kan bidra til Orstad skule sin visjon med mål om «ein god stad å vera, ein god stad å læra». Det er kommunalsjef for skule og barnehage som avgjer kven som får plass ved læringssenteret. Viss du er foreldre/føresett som har eit barn med samansette vanskar og ønskjer å sjå avdelinga er det berre å ta kontakt.
Kontaktinformasjon
Avdeling: 48023194 / 48224592
Avdelingsleiar: 46764004
Mail: lise.mauland@klepp.kommune.no