Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00 Send e-post til oss
Redaktør: Svein Carlos Gjil
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tema forTrivselsveka vår denne hausten var Mangfald. På foreldremøta i september fekk kvar og ein av foreldra i oppgåve å svara på spørsmålet: Korleis kan me som vaksne (på skulen og heime) visa at me verdset mangfaldet i elevgruppa. Resultatet ser de i ordskya over.

Gjennom aktivitetar, leik og samarbeid har me hatt ei flott trivselsveke på Sand skule. Elevane har jobba saman frå 1. til 10. trinn med positive haldningar til skulen, relasjonar, fellesskap, mangfald og trivsel for alle.

I perioden april-november vil Fylkesmannen gjennomføre tilsyn ved Sand skule i Suldal kommune. Temaet for tilsynet er skulen sitt arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, og korleis skulen driv sitt utviklingsarbeid gjennom skulebasert vurdering.

Fylkesmannen er ein statleg organisasjon. Vi har som ei av våre oppgåver å kontrollere at kommunar og fylkeskommune følgjer lova. Slik kontroll kallar vi tilsyn. 


I dag, torsdag 13. september, fekk mellomtrinnet besøk av politiet. Dei snakka om nettvett og opna for spørsmål. Elevane var svært engasjerte og fekk svar på mykje dei lurte på. Politiet la vekt på at ein skal spørja om lov før ein legg ut bilete eller video av andre, at ein skal skriva fint til kvarandre og melda frå til vaksne eller politiet om ein opplever noko ubehageleg på nett. Dei tilrådde også alle elevar å sletta anonyme appar som Tellonym.