Denne veka var målet å arbeide roleg utan å forstyrre andre i klassen.
Det er mykje nytt å lære når ein begynner som elev i 1. klasse. Det er viktig å bli godt kjende med dei andre i klassen og på trinnet og få gode venner.
Trivsel er avgjerande for læring!
God arbeidsro er også viktig for å kunne konsentrere seg om arbeidet når ein skal lære noko nytt. Då er det viktig at alle har fokus berre på seg sjølve og det dei gjer. Det er ikkje alltid lett når ein sit i gruppe med tre eller fire andre elever.
Bileta viser elever i konsentrasjon rundt arbeidet. Nokon likte godt å smila til kamera, mens andre ikkje la merke til fotografen ein gong.
Ein flott gjeng!