Vigilo blir teken i bruk for kommunikasjon mellom heim
og skule
I mai 2023 blir Vigilo
teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale
barneskular i Stavanger kommune, og vår skule set i gong den 10. mai. Foreldre
med barn på barneskular kan då kommunisera med skulen gjennom Vigilo
foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og
nettbrett.
Tidlegare har kommunikasjon gått
i ulike kanalar, mellom anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no går over til
Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å
kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.
Kva bruker me Vigilo
til?
Vigilo blir brukt til å dela
praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda
meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av
skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg
i Vigilo.
Sensitiv informasjon skal ikkje
delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion,
mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei
melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.
For meir informasjon om korleis
kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes
nettside (
www.stavanger.kommune.no/vigilo )
Korleis komma i gang?
Du kan logga inn i Vigilo
foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta
ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller
Google Play.
I Vigilo app får du tilgang til å
sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i
skulen, vel du barn øvst i biletet.
I
foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt,
påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden
og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på
namnet sitt øvst i høgre hjørne.
Kven har tilgang?
Foreldre med foreldrerett i
Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt
tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret
her:
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/
Foreldres
mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR).
Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du
må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:
https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon
Treng du hjelp?
Ta kontakt med skulen om du har
spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.
Sjå også Vigilo hjelpesenter:
https://vigilo.no/hjelpesenter/