Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oppfordring frå rektor

På skulen har observert at elevar på barnetrinnet leiker ein ny variant av «Raudt lys». Denne varianten er henta frå serien «Squid Game» som er den mest populære serien på Nettflix i Noreg for tida. Serien er produsert i Korea, og der har den fått aldersgrense 19 år pga at den er svært valdeleg. På Netflix er aldersgrensa 16 år.

På skulen stoppar me denne varianten av leiken og vil følgje med på om det kjem fleire variantar frå serien. Me snakkar med elevar som fortel om serien og snakkar med klassane om kva som er passande å leike på skulen. Eg vil, som barnevakten.no, oppfordre til at barn ikkje får sjå denne serien. De kan lesa meir om dette her: barnevakten.no

Barn og unge møter denne serien mange stader på nettet, t.d klipp på TikTok, Instagram, Snapchat og Youtube eller gjennom «Squid Game» spel  på Roblox og Minecraft. Eg vil derfor oppfordra alle foreldre til å følgje med på kva barna ser på nettet og snakka med dei. Elevar heilt ned på 3. trinn har sett klipp av serien. Dokker kan lesa meir om dette her:nrk.no og barnevakten.no- mobilspill

Mvh
rektor