Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Månadsbrev for desember og januar

Frå og med 1. april går me over til at born som har 60% plass, kan velge 3 dagar i veka. 

For meir informasjon, les artikkelen.

I desember hadde me adventskalender med gode gjerningar me oppfordra elevane til å gjere kvar dag, og eg håpar dykk fekk nyte godene av det i heimen :) Me lagde forskjellig julepynt, hadde juletre på avdelinga og spelte mykje julemusikk. Me hadde grautfest, og på SFO i juleferien, blei det både bakt, lagd julepresangar og nyttårspynt. I januar har me lage diverse vinterpynt som snøfnugg og snømenn, og me har fått fleire nye leiker på avdelingen. Det er kjupt inn kapper, hånddukker og leikemat, og i løpet av februar skal me laga litt kulisser så det blir endo kjekkare å bruke desse leikene.

Litt øvrig informasjon:
Frå og med 1. april går me over til at born som har 60% plass, kan velge 3 dagar i veka. Slik er det i resten av Stavanger kommune, og det at ein har kunna velgje vekk morgonen og fått ein ekstra ettermiddag her på Finnøy, har “hengt igjen frå gamalt av”, og det opphøyrer altså frå og med 31. mars. Det vil seie at dykk som har 60% plass på bornet dykkar, må gi meg beskjed på randi.rasmussen@stavanger.kommune.no innan fredag 17. mars 2023, hvilke tre dagar dykk då ynskjer å nytte.

Eg ber om at dykk sjekker ryggsekken til borna dykkar jevnleg. Eg har tidligare sendt ut påmeldingsskjema både til juleferien og nå til vinterferien, og begge gongene var det kun halvparten av heimane som gav eit svar innan fristen. I tillegg kom det svar både på det fysiske arket, på sms, beskjeden blei gitt muntleg frå foreldra via lærerar eller pedagogiske medarbeiderar, og nokre få kom på epost. Det var på epost eg ynskja å få svarene, så eg ber om at dykk holder dykk til det alternativet framover. Det er sagt at til hausten skal også SFO og barnehagane inn i “Vigilo”, og då vil me kunne kommunisera der, men enn så lenge får me nytta både mail, sms og ranselpost, avhengig av informasjonen. Sjekk og heimesida til skulen jevnleg, og set dykk opp på at dykk ynskjer å motta varsel når ny info blir lagt ut.

Frå mandag 30.01.23, byrja me med noko på SFO som me kaller “Dagens SFO-elev”. Hen får ta opprop på dei andre elevane, og det eg håpar er at dei skal få litt trening i å stå føre ei forsamling, men og kanskje viktigast av alt å få ei øving i å vise kverandre respekt og å vere stille når andre snakkar. Alle skal på eit tidspunkt opp dit, så det blir ei slags øving i å behandle andre slik ein sjølve vil bli behandla.

Me har fortsatt nokre tilfeller av at born plutseleg blir henta av andre enn foreldra utan at det blir gitt beskjed til oss, eller at dei berre blir tatt med utan å gi beskjed, som fører til mykje unødig stress og frykt hos oss på avdelinga. Så, igjen, i hentesituasjonar er det særs viktig at dykk kjem heilt inn på avdelinga og gir tydeleg beskjed om at ditt born då blir henta :)

Me ynskjer beskjed frå dykk om eventuelle endringar for dagen per telefon/sms innen klokka 12, då me ser at om beskjeden kjem seinare, blir det fort rot.
Angående 19. mai, kan dykk som allereie veit at deira born skal eller ikkje skal på SFO denne dagen, sende mail til randi.rasmussen@stavanger.kommune.no med den informasjonen, men eg vil sende ut ranselpost angående dette i løpet av april.

Helsing, oss på SFO :)