Meny
Velg seksjon Barneskulen 4
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tusen takk for godt oppmøte på aksjonsdagen hjå oss i dag! Me har samla inn kr. 32.460,- (oppdatert 1/11) til Redd Barna.

Frå skuleåret 2023/2024 skal samtykka frå føresette registrerast i Vigilo.
Føresette må logga på i nettlesar/pc for å sjå meldinga om samtykke, og skjema som skal kyssast av. Meldinga kan ikkje lesast i Vigilo-appen.
Det gis samtykke for kvar elev.

Sjå vedlegg.

 


Informasjon om skulemat og mobilfri skule finn de under INFO i høgremenyen.

 

 


Sentralbordnummer - Finnøy sentralskule:  51914422    

Mette Lise Bakka, skulekonsulent: 51914421
Bente Tjelta, rektor: 51914423
Ayna Camilla Eno: avdelingsleiar 1.-4. trinn  955 52 429
Bjørn- Arild L. Fuglesten: avdelingsleiar 8.-10. trinn  51912641 
SFO: 458 78 249
Margunn Tungland Nordbø, rådgjevar: 51914427        
 

Vigilo blir teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule 
I  mai 2023 blir Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale barne- og ungdomskular i Stavanger kommune, og vår skule set i gong den 10. mai. Foreldre med barn på barneskular kan då kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.  
Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, mellom anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no går over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.    

Kva bruker me Vigilo til?  
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.  
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.  

For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside ( www.stavanger.kommune.no/vigilo )

Korleis komma i gang?  
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller Google Play. 

I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.   
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.  

Kven har tilgang?  
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:  
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/ 
Foreldres mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:  

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon  

Treng du hjelp?  
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.       
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/