Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Regnfull tur til Fjellberg

I år gjekk haust-turen til Ørnekula i Fjellberg. Dagen starta med opphaldsver. Samling i amfiet, der elevane vart delte inn i grupper på tvers av trinna. Gruppene gjekk ut puljevis og fekk oppgåver som skulle løysast undervegs.

 

Alle elevane, samt tre born frå barnehagen, Syver, Filippa og Naomi, gjekk den knapt 5 km lange turen. Då vi kom til Vaulen, kunne vi ikkje gå tørrskodd lenger. Den høge vannstanden gjorde at vegen var under vatn. Løysinga på dette vart å ta av sko og sokkar og vasse over, medan andre vart boren til den andre sida. Men alle kom over og vi kunne fortsette mot toppen. 

Alle nådde toppen av Fjellberg! 

Vi tende bål og åt nistepakke. Då opna himmelens sluser seg og vi vart skikkeleg blaute. På heimvegen løyste vi ulike oppgåver. 

Sjølv om vi vart veldig våte, så var stemninga og humøret på topp.

Takk for turen!

Main Image
Bilete 1 av 27