Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kva skjer på oppvekstsenteret i desember?

Desember er ein travel, men kjekk månad på oppvekstsenteret. Her kjem ein oversikt over kva som skjer i barnehage og skule nå før jul. 

Vi har adventssamlingar kvar måndag morgon.

 

5.-6. desember er det juleverkstad på skulen. Elevane blir delt inn i grupper på tvers av klassane og dei skal lage mykje fint. Vi er så heldige at vi har fått hjelp av nokre foreldre og besteforeldre både på sjølve verkstaden, men også til å lage ulike kakedeigar og å koke grøt. Vi startar med ei felles økt før elevane blir delt inn i grupper og tar fatt på juleverkstad- aktivitetane.

 

Tysdag 10. desember reiser alle elevane til Sjernarøy oppvekstsenter. Vi møtes på skulen til vanleg tid og går samla ned til kaien. Dei som vil møte rett på kaien, må gi beskjed til kontaktlæraren om dette. Vi reiser med ungdomsskoleskyssen frå Fogn kl. 08.30 og blir henta med eigen båt (Rødne) på Judaberg. Denne skyssar oss til skulekaien på Sjernarøy.

På Sjernarøy blir det først ulike aktivitetar ilag med elevane frå dei andre øyane, før ein konsert med den kulturelle skulesekken.

Kl. 12:00 skal vi delta på den store opninga av ny fotballbane på Sjernarøy oppvekstsenter. Både politikarar og presse kjem til å vere tilstades. Etter opninga blir det ulike fotballaktivitetar på den nye banen. Elevane får pølser (sponsa av bondelaget) og kake (sponsa av Rødne). Vi blir skyssa med eigen båt tilbake til Judaberg kl.14:00 og tar skulebåten heim, dvs. at vi er på Fogn kl. 14:55. 

Viktig å hugse at elevane har ein lengre skuledag denne dagen. Elevane kan hentast på kaien, eller følgje skulebussen heim (frå kaien).

Elevane må ha med eiga drikke (ikkje brus) og gjerne ein nistepakke i sekken. Vi kjem til å vere ute delar av dagen, så det er lurt å ha på varme klede eller regnklede, alt etter været.  

 

Torsdag 12. desember kl. 07:30 – 10:00 er det julefrukost i barnehagen.

 

Tysdag 17. desember er det julevandring for barnehagen i Fogn kyrkje kl. 10:00. Her får barna kle seg ut som gjetarar, englar, Maria og Josef m.m. og så delta i ei vandring i juleforteljinga. Barnehagen går til og frå kyrkja, og barna må derfor leverast i barnehagen før kl. 09:00.

Kl. 11:30 same dag er det julegudsteneste for skulen. Alle elevar har fått informasjon med heim om dette. Elevane går til og frå kyrkja og vi rekk å vere tilbake til skuleslutt. Foreldre er hjarteleg velkomne til å delta på desse arrangementa.

 

Torsdag 19. desember kl. 18:00 er det julefest på oppvekstsenteret. Barnehagen og elevane har programmet på festen. I tillegg blir det innskriving av dei barna som skal begynne på skulen neste år. Vi skal også ha ein matpause undervegs og vi skal gå rundt juletreet. Alle heimane tar med mat (eit fat med kaffimat/småkaker) som vi set på eit langbord og som alle kan forsyna seg av. Vi ordnar med kaffi og drikke.        

Elevane avspaserer fredag 20. desember og dermed blir torsdag 19. desember den siste skuledagen før juleferien.

1. skuledag etter jul er måndag 6. januar.