FAU

"Alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer av skolens foreldreråd. Foreldrerådet velger et arbeidsutvalg (FAU) som er foreldrestemmen overfor skolen. FAU skal blant annet sikre reell medvirkning fra foreldre og ha medansvar for at elevenes læringsmiljø er trygt og godt." (henta frå www.fug.no) 
FAU er heimla i opplæringslova § 10-5.

FAU skal representera alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er god.

 

Trygt og godt skulemiljø - kva kan føresette gjera?

Føresette, elevar og lærarar bidreg aktivt til eit godt miljø viss me forsterkar det positive. Føresette
kan gjera dette ved å:

• Leita etter det positive hos eigne og andre sine barn og gje tydelege positive tilbakemeldingar.
• Bli med å slå ned på uønska åtferd. Å ikkje gjere noko, er ei aktiv handling. 
• Invitera alle i sosiale settingar for klasse-/gutte-/jentegrupper. 
• Sett inkludering høgt! Tenk også på korleis føresette til dei andre elevane i klassen kan bli inkludert. 
Klassekontaktane ordnar eit sosialt treff for klassen haust og vår.

 

FAU Hognestad skule 2025-2026:

7. trinn - Kristian Hognestad, leiar     
3. trinn - Ingrid Underhaug Nielsen,  nestleiar
1. trinn - Eva Madeleine Auglend, sekretær
2. trinn - Silje Fosse, medlem
4. trinn - Helene Hognestad, medlem
5. trinn - Heidi Sortland, medlem
6. trinn - John Sægrov Holm, medlem 

Ingveig Nærland Ødegård, rektor