Publisert: 06. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Liv Kristin G. Steinsland
Invitasjon foreldremøte 18.11.25
Invitasjon til foreldremøte for føresette med barn på 7. trinn på Bryne og Hognestad
Kor og når: Bryne skule – tysdag 18. november kl. 18.00- ca 19.30
Foreldretreff om sosialt samspel
Mot slutten av barneskulen dukkar det ofte
opp nye problemstillingar knytt til barns sjølvforståing og sosiale samspel med
kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden?
Kva kan vaksne gjere når det oppstår sosiale
utfordringar i ei gruppe, som til dømes konfliktar, krangling eller
utestenging? Korleis kan foreldregruppa saman bidra til å skape eit
inkluderande miljø?
Målet med dette foredraget er:
- At du skal sitje igjen med konkrete verktøy for å få til god kommunikasjon med barnet ditt.
- At de som foreldregruppe skal reflektere over korleis de kan samarbeide med kvarandre for å skape eit inkluderande miljø.
Alle føresette bør få med seg dette føredraget i
Sterk&Klar. I etterkant av føredraget blir det lagt opp til at
foreldregruppa kan snakke om tematikken. Dette er ein god moglegheit til å bli
kjend med dei andre foreldra og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø,
og overgangen til ungdomsskulen.
Roy Henning Aanestad er ein dyktig
formidlar, som engasjerer publikum med sine erfaringar og sin humor. Han har
god kjennskap til førebyggande arbeid etter mange år som politibetjent, og har
mange gode råd til foreldre.
Meld deg på treffet ved å trykke her
Velkommen!
Treffet blir arrangert av
skulen og FAU i samarbeid med Sterk&Klar