Meny
Velg seksjon Framside
Eidsv. 7 4230 Sand
Telefon: 52 79 22 00
Redaktør: Mirela L. Moe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Referat frå møte i KFAU 11. mai 2021.

Møtet blei gjennomført som ei blandinga av fysisk oppmøte på Garaneset og digital deltaking.
Desse møtte: Helga Nessa (Jelsa), Lars Ove Fjetland (Ropeidhalvøya), Olav Lindseth (Nesflaten), Bente Tednes Gjil (Erfjord), Kjellaug  Marie Vassbø (Erfjord), Alf Aadnøy (leiar og representant for Sand skule, ungdomstrinnet), Judith Litlehamar Sørhus (Vinjar), Heidi Hjorteland Wigestrand (Sand, barnetrinnet)  og Maria Klungtveit (nestleiar og representant for Sand skule, ungdomstrinnet)

1. Møtet starta med ei orientering av oppvekstsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde som gjekk gjennom hovudpunkta i årsmeldinga til oppvekst. Lenke til årsmeldinga her. https://innsyn.onacos.no/suldal/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2020023943&Mid1=1856&
 2.Orienteringssaker:
Ungdomsskule- FAU på Sand har vedteke at ungdomsskuleelevane skal leggja mobilane i eigne mobilhotell frå hausten av.
Frå runden blant dei lokale FAU blei det frå Nesflaten spela inn eit forslag om å styrka språkundervisninga i kommunen, gjerne med digitale løysingar, med tanke på at elevane i Suldal er litt svake i engelsk. Då kan ein også lettare få til tilbod om andre framandspråk som til dømes russisk. Det blei også ytra ønske om å få til eit nærare samarbeid mellom lokale skular og næringsliv.
I Erfjord har FAU bestemt at Messenger-grupper ikkje lenger skal brukast til diskusjon av tilsette. Det blei sagt at somme av desse gruppene fungerer som reine baktalingskanalar.
Frå Marvik blei det uttrykt glede over at ny rektor er på plass. Og Jelsa er glade for at skulen får bli med i eit nytt prosjekt for fådelte skular. Elles er foreldra opptekne av kompetansekrava i symjing og korleis desse skal nås. Det skal også innførast nye reglar for læringsbretta som regulerer den private bruken meir enn dagens reglar.
Elles kom det fram på møtet at somme foreldre reagerer på lang responstid frå PPT.