RESPEKT på Klepp ungdomsskule
Klepp ungdomsskule er ein RESPEKT-skule. Arbeidet med RESPEKT-programmet starta i 2012 og har sidan vore ein viktig del av skulen sitt arbeid med læringsmiljø og relasjonar.
RESPEKT er utvikla av Senter for åtferdsforsking (SAF) som eit bidrag til EU-programmet Connect: “Tackling Violence in Schools”. Programmet er skuleomfattande og har fokus på system og felles praksis, heller enn enkeltelevar. RESPEKT involverer heile skulesamfunnet – tilsette, elevar og føresette – med mål om å styrkje kvaliteten i skulen både på individ-, klasse- og skulenivå.
Målet med RESPEKT er å førebyggje og redusere ulike former for problematferd, som mobbing, uro og disiplinutfordringar, konsentrasjonsvanskar, skulk, rasisme og vald. Samstundes handlar RESPEKT om å byggje gode relasjonar og eit trygt, inkluderande og forutsigbart skulemiljø.
I arbeidet med RESPEKT har Klepp ungdomsskule hatt særleg merksemd på – korleis vi kommuniserer i det vaksne miljøet på skulen:
– korleis vi kommuniserer med elevane
– arbeid med gode relasjonar mellom vaksne og elevar, både individuelt og i klasse- og gruppesituasjonar
– tydelege og enkle reglar som blir følgde opp av alle
2026 og framover – RESPEKT 2.0
Over tid vart det tydeleg at det var behov for å revitalisere RESPEKT-programmet. Mange av dei tilsette som deltok i arbeidet i 2012, var ikkje lenger ved skulen, og det var behov for å sikre ei felles forståing av og eit felles eigarskap til RESPEKT i personalet.
I utviklingsplanane for 2023–2024 vart revitalisering av RESPEKT derfor sett som eit prioritert mål. Gjennom grundige og inkluderande prosessar vart RESPEKT 2.0 ferdigstilt våren 2026. Innhald og formuleringar er oppdaterte og forenkla, og programmet er forankra gjennom felles arbeid og dialog i kollegiet.
Framover vil skulen arbeide systematisk for å halde RESPEKT levande gjennom skuleåret, både i fellessamlingar og på trinn. RESPEKT skal vere eit aktivt verktøy i skulekvardagen og kan vidareutviklast ved behov. Målet er at RESPEKT skal vere ein naturleg del av kvardagspraksisen og profesjonsfellesskapet ved Klepp ungdomsskule.