Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Samarbeidsutvalet SU og Skulemiljøutvalet SMU

Samarbeidsutval (SU)

Ved kvar grunnskule skal det vera eit samarbeidsutval (SU) eller driftsstyre. Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste samarbeidsorgan.

Utvalet skal ha to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vera rektor ved skulen.

SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 

Skulemiljøutvalet (SMU)

Alle grunnskular og vidaregåande skular har plikt til å ha eit skulemiljøutval. Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skolen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet.

Elevar og foreldre skal vere i fleirtal i utvalet. Elevar og foreldre har ein rett til å bli høyrt.

Utvalet skal gi råd til skolen i arbeidet med skulemiljøet, men har ikkje rett til å gjere bindande vedtak.

Skulemiljøutvalet kan òg be skolen setje inn tiltak for å betre det fysiske og det psykososiale miljøet på skulen. 

 

Ved Klepp ungdomsskule er SU og SMU same organ, med ein ekstra elev (elevråd) og ein ekstra forelder (FAU) i SMU-saker.

Samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU) har til saman 2-4 møter i skuleåret. 

Sjå referat for kven som er medlemmar, leiar og nestleiar. Rektor er fast referent.

Politikar i perioden 2023-2027 er Yvonne Marie Gulbrandsen, og vara er Martin Nese Johnsen.

Udir om desse utvala

Udir om skulemiljøutvalet