Publisert: 18. august 2026 | Sist endra: 18. august 2026 | Forfatter: Sigurd Ravndal
Trygg skuleveg
Droppsone
Leverer du ungdommen din på skulen - køyr heilt fram til dropsonen sjølv om eleven har ein nærmare inngang. Det er tydeleg skilta.
Elsparkesyklar
Vi opplever at fleire elevar brukar elsparkesykkel til og frå skulen. Elsparkesykkel kan vere eit praktisk og miljøvennleg transportmiddel, men det er viktig at elevane kjenner reglane og brukar sykkelen på ein trygg måte.
Vi ber derfor føresette gå gjennom reglane med ungdommen sin.
Dette er dei viktigaste reglane
- Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år.
- Barn under 15 år må bruke godkjend hjelm. Vi anbefaler hjelm for alle.
- Det er berre lov med éin person på elsparkesykkelen.
- Elsparkesykkelen skal ha hastigheitssperre på maksimalt 20 km/t. Det er ikkje lov å bruke ein ulovleg eller trimma elsparkesykkel.
- Elsparkesykkelen må vere ansvarsforsikra.
- Føraren må følgje trafikkreglane og opptre omsynsfullt og aktpågivande.
- På fortau og gang- og sykkelveg skal ein ta særleg omsyn til gåande. Ein skal redusere farten og ikkje vere til hinder eller fare for andre.
- Ved kryssing av veg og i andre trafikksituasjonar gjeld reglane om vikeplikt.
- Det er ikkje lov å bruke elsparkesykkelen i ruspåverka tilstand.
- Det er ikkje lov å bruke handhalden mobiltelefon medan ein køyrer.
- Lys, bremsar og anna nødvendig utstyr må vere i orden.
Statens vegvesen understrekar at barn og unge ofte har mindre erfaring med å vurdere fart, trafikk og risiko. Føresette blir derfor oppmoda til å øve saman med ungdommen og snakke om trafikkreglane.
Særleg viktig på skulevegen
Vi ber elevane vise omsyn til andre elevar, gåande og syklistar. Høg fart, køyring fleire i lag med dårleg kontroll, eller køyring to på éin elsparkesykkel kan føre til farlege situasjonar.
Skulen kan også fastsetje eigne reglar for bruk og parkering av elsparkesyklar på skuleområdet. Vi ber elevane følgje dei reglane som gjeld ved skulen.
Føresette har eit viktig ansvar for å kontrollere at elsparkesykkelen ungdommen brukar er lovleg, forsikra og i forsvarleg stand, og at ungdommen har nødvendig kunnskap og ferdigheiter til å bruke han i trafikken.
Vi ber dykk særleg sjekke:
- at barnet brukar hjelm
- at elsparkesykkelen ikkje er trimma
- at den er ansvarsforsikra
- at lys og bremsar fungerer
- at barnet kjenner trafikkreglane
- at barnet veit korleis ein skal opptre trygt overfor gåande og andre trafikantar
Meir informasjon om reglane finn de hos "Statens vegvesen – trafikkreglar for elsparkesyklar" og "Trygg Trafikk – elsparkesykkel".
Takk for at de bidreg til ein trygg skuleveg for alle!
