Publisert: 20. august 2026 | Sist endra: 20. august 2026 | Forfatter: Sigurd Ravndal
Storsamling - velkommen til nytt skuleår!
Første skuledag startar alltid med at dei vaksne møter ungdommane i skulegarden. Etter første økt i klassen, har me alltid storsamling.
10A stilte sporty opp i åpningsnummeret med sin vinnarsang frå korslaget i fjor - passande nok med "Don't Worry, Be Happy!".
Rektor ønska alle velkommen til nytt skuleår - og der alle 8., 9. og 10. klassingane blei klappa for. Rektor utfordra alle elevane om å hugsa to ting frå talen som dei kunne fortelja om heime til mor eller far; nemleg "å vera greie" og "å vera robuste". Talen blei avslutta med at alle dei dyktige vaksne på skulen kom fram på scenen - også desse fekk velfortent applaus frå salen.
Vidare blei det vist bilete og film frå Sorpeløpet 2025 - med motiverande ord for hausten vakraste eventyr dagen før haustferien - 9. og 10. elevane gler seg allereie! Som Eirik lærar sa det: "Ikke tenk, bare gjør!" (God øving i å vera robust - men og grei i lag med laget ditt.)
Seksjonen for kunst og handverk med Janne i spissen, presenterte innhaldet for kommande år - spennande!
Konkurransen "Cake or fake" til storsamlingsgeneralen Charlotte slo an, og heile samlinga blei - bare så du veit det - avslutta med "Bare så du vett det!"
Lykke til med skuleåret 2026-2027!