Sorpeløpet
Publisert: 02. oktober 2026 | Sist endra: 02. oktober 2026 | Forfatter: Sigurd Ravndal

Hausten sitt vakraste eventyr - Sorpeløpet 2026!

Tradisjonen lever - siste fredag før hausteferien skjer det - årets sorpeløp!

Ivrige, robuste og utkledde elevar tek seg rundt i løypa som er laga i Kleppeloen. Herleg innsats og samarbeid! 

Det handlar om samarbeid og samhold og heia gruppa fram.

Premie for beste samarbeid og beste utkledning blir kåra i etterkant.

Tusen takk til alle robuste elevar - og takk til alle tilsette for å laga til og arrangera av årets sorpeløp!

Bakgrunn:
Klepp ungdomsskule i spissen med sine 9. og 10. klassingar startar "festen". Etterpå kjem 9. og 10. frå Orstad skule, Bore ungdomsskule og Vardheia ungdomsskule. Det er ein ganske solid rigg som skal på plass i loen før startsignalet går. Nokre sentrale tilsette på Klepp U lagar løypa og er navet i arrangementet, men og i godt samarbeid med nokre på andre skular. Alle dei vaksne trår til i arrangementet - takk til alle som er med på å få dette til årleg.