På Klepp ungdomsskule vil me at alle skal ha det bra, finne og halde på vennar, oppføre seg fint overfor alle, samt unngå mobbing og krenkande atferd. Trygge elevar lærar mest.
I tråd med Opplæringslova § 12, har vi ein plan for trygt og godt skulemiljø. Klikk på lenka eller sjå vedlegg til høgre på denne sida.
På framsida på nettsida vår er det ein grøn knapp / ikon "Meld frå om mobbing". Klikk på denne om du vil melda frå om noko ugreitt. Det er også veldig ok å kontakta skulen direkte (kontaktlærar, avdelingsleiar, rektor eller andre tilsette) om ein ønskjer å melda frå om noko som er utrygt, om mobbing eller at nokon ikkje har det godt på skulen.
Om ein ikkje er nøgd med skulen si handtering av ei slik sak, har ein rett til å melde saka til Statsforvaltaren i Rogaland. Her er ein informasjonsvideo om dette.
Statsforvaltaren si nettside er også oppdatert, slik at det skal vere enkelt å finne informasjon og kontaktopplysningar.
Elevane har rettar knytt til Opplæringslova § 12 og skulen har aktivitetsplikt til å sette i gang tiltak når ein elev (eller føresett) opplever at ein ikkje har eit trygt og godt skulemiljø: Aktivitetsplikta.