Føresette kan søkja elevar fri frå skulen. Viss permisjonen er på inntil to dagar kan kontaktlærar innvilga søknaden. Ellers er det rektor som innvilger søknad om permisjon.
Opplæringslova § 2-2 Plikt til grunnskoleopplæring seier blant anna; Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.
Forskrift om permisjon frå grunnskoleopplæringa i Klepp kommune
Ein kan søkja om permisjon i foresattportalen til visma flyt skule. Forklaring på korleis ein går fram i appen ligg under "dokument" lengre ned.