MARS: Rykte og ryktespreiing
Ungdomstida er krevjande for mange. Noko av det som plagar mange unge handlar om rykte og ryktespreiing. Ungdom kan kjenne seg makteslause i møte med «sanningar» om dei sjølve som slett ikkje er sanne. Som foreldre kan det kjennes som det er lite vi kan gjere. Det foreldre uansett kan gjere er å forsøke å forstå korleis dette opplevast for ungdommen og uttrykke forståing for at dette gjer svært vondt, og at det også kan hindre ungdommen i å få til ting ein elles ville klart og hatt lyst til. «Å late som ingenting» eller «stå opp for seg sjølv» kan kjennast umogleg, og er kanskje ikkje noko vi bør forvente av dei. Kanskje er opplevingane av ein slik grad at ein bør involvere skolen og sjekke om dette er ei mobbesak? Det utløyser rettar for ungdomen. Men ofte ønskjer ikkje ungdommen at vaksne engasjerer seg. Dei frykter at det berre blir verre av det.
Nokre gongar er det beste foreldre kan gjere å vente det ut saman med ungdommen sin. Forhåpentlegvis har ungdommen andre venner å ha det godt saman med. Aktivitetar som gir glede og meistring.
Andre gongar bør foreldre ta kontakt med skole, helsesjukepleiar eller politiet sjølv om ungdommen sjølv ikkje vil. Spesielt dersom det ser ut som dette er svært alvorleg, og at det i stor grad går ut over livet og kvardagen til ungdommen.