Publisert: 20. august 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Sylvia Gjersdal

Nasjonale prøver 5.trinn

Nasjonale prøver blir gjennomført for å gje informasjon om korleis elevane ligg an i rekning, lesing og engelsk. Skulen bruker resultata som verktøy for å sjå på kvalitet i undervisninga. I tillegg får vi informasjon om kva elevane meistrar, og kva dei treng å jobbe vidare med.

Nasjonal prøve i lesing, rekning og engelsk blir gjennomført i perioden 1.september- 19.september.