Publisert: 13. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: FAU Kleppe

Flytting av 17, mai komite

FAU har fått innspel frå foreldre om å vurdere å endre kva klassetrinn som skal ha ansvar for 17. mai-dugnaden. Dette har blitt drøfta i FAU-møte både i mai 2025 og på nytt i september 2025. På FAU-møtet, 20.11.2025, vedtok FAU at 17. mai-dugnaden blir flytt til 6. og 7. trinn frå hausten 2026.

Grunnlaget for avgjerda er at det er ein fordel at to trinn har ansvar for dugnaden. Dette gjer det i større grad mogleg med erfaringsoverføring frå år til år, og det lettar òg belastninga for foreldre ved at ikkje begge må delta på dugnad samstundes. Til no har det vore slik at begge foreldra til ein 7.-klassing har måtta stille på dugnad 17. mai, noko som har skapt utfordringar både når det gjeld logistikk for sysken, og fordi avgangselevane er ansvarlege for underhaldningsinnslaga på scena. Fleire foreldre har dermed gått glipp av oppvisninga på grunn av dugnadsoppgåver.

Når både 6. og 7. trinn er ansvarlege for dugnaden, blir det ein forventning om at éin forelder per elev på 6. og 7. trinn deltek på dugnaden.

Det har òg blitt vist til praksis ved mellom anna Bore og Kleppelunden skule.