Publisert: 11. mai 2026 | Sist endra: 11. mai 2026 | Forfatter: Sigrund Serigstad
Markering av den store SFO-dagen
Tysdag 28 april markerte vi på SFO den store SFO-dagen. Den offisielle SFO-dagen var 29.
april, men vi valte å markera dagen ein dag på førehand slik at flest mogleg av
elevane skulle få vera med. Sidan temaet for årets SFO-dag var leik valte vi å
laga til aktivitetsdag på uteområdet rundt skulen. Vi starta med fellesopning i
trappa der alle fekk høyra den splitter nye SFO-sangen som Torstein (med litt
hjelp frå AI) hadde laga for anledninga. Ordførar Kjetil Maudal stilte som
"snor-klippar, og han fekk æra av å opna SFO-leikane 2026 i saman med
elevar frå base 3. Bryne røde kors sitt hjelpekorps stilte med folk
og ambulanse som jo høyrer med på store idrettsarrangement :)
Etter den
offisielle opninga gjekk elevane rundt i smågrupper og besøkte postar som
elevar på 7. trinn hadde laga til. Elevane fekk prøva seg på stikkball,
gjetteleikar av ulike slag, boksen av, stiv heks og smakstest. Siste post for
alle gruppene var løping på grusvegen ved den store fotballbanen. Alle fekk
medalje då dei kom i mål. Medaljane vert laga ved hjelp av skulen sine
3D-printarar. Etter aktivitetane var det grilling og is.
Sol og
blå himmel laga ei fin ramme rundt arrangementet og det blei ei kjekk markering
for både små og store. Det gledes til ny markering neste år!