Elevrådet

Kva er elevråd? 
I elevrådet tek vi opp og drøftar saker som påverkar elevane, anten på eige initiativ eller dersom leiinga ber om svar på noko. 
Elevrådet er elevane sitt organ for medverknad, men alle elevane på skulen tek del i elevdemokratiet. 
Elevrådet skal lytte til alle elevane, og alle elevane på skulen skal kunne delta i elevdemokratiet. Gjennom klassens time får elevane moglegheit til å kome med forslag til elevrådet, og gjennom andre forum på skulen. 
Elevrådet kan òg arrangere ting, og sjølv ta ansvar for at skulen blir ein trivelegare stad for elevane å vere. 
Døme på dette kan vere forslag til aktivitetsdagar på skulen eller andre aktivitetar som skaper trivsel og eit godt læringsmiljø. 

Kort sagt: Elevrådet skal vere elevane sitt talerøyr på skulen og er eit viktig organ for elevmedverknad og for å kunne seie meininga si om forhold på skulen som vedkjem elevane. 

På denne sida legg vi ut noko av det elevrådet arbeider med