Meny
Velg trinn Framside
8. trinn
9. trinn
Hovedadresse Havnevegen 51 5918 Frekhaug Telefon: 56 17 14 00 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 79 5906 Frekhaug
Redaktør: Sara Osen Bøe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Julehelsing frå rektor

No snur snart sola og vi er på veg inn i lysare tider, men først står juleferien for døra.
Julehøgtida nærmar seg, og det er travle og gode dagar på skulen. Førjulstida er ei spesiell tid for barn og unge, men også for oss vaksne. Vonar de alle har fått nokre gode opplevingar i denne tida og at juleferien gir dykk fleire gode minne.

Eg vil nytte høvet til å takke for det året som har vore. Sjølv om eg berre har vore her i vel tre månader, ser eg allereie tilbake på mange flotte opplevingar her på skulen. Ver stolt over ungdommane dykkar! Eg gler meg til å bli enda betre kjend med dei.

Takk til føresette for eit godt samarbeid gjennom året, ein spesiell takk til elevråd og FAU.
Eg ser fram til vidare samarbeid.

Ha ein fin juleferie, vonar han blir akkurat slik de hadde tenkt.
Det fortener de alle!

Siste skuledag før juleferien er tysdag 20. desember.
Alle klassane sluttar klokka 11.40.
Første skuledag etter juleferien er tysdag 3. januar.

På vegne av alle tilsette på Meland ungdomsskule
ynskjer eg alle ei god og fredeleg jul!

Sara Osen Bøe
-rektor-