Meny
Velg trinn Framside
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Hovedadresse Havnevegen 51 5918 Frekhaug Telefon: 56 17 14 00 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 79 5906 Frekhaug
Redaktør: Sara Osen Bøe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708

I dag vart det ei spontan markering av "fotballtrøyefredag" i regi av barnekreftforeningen, blant både elevar og tilsette. Det vart god stemning og gode samtalar! 

Her nokon av det tilsette ved skulen med sine draktar, vi er eit lag!


I dag samla elevar og dei vaksne seg for å markera frigjeringsdagen 8. mai. Flagget vart heist av elevar på 10.trinn og med nasjonalsongen "Ja, me elskar" fylte me skulegarden, akkompagnert av vakker musikk frå ein av dei dyktige elevane våre. Under markeringa vart det delt kloke ord som minte oss alle om betydninga av denne historiske dagen – ein dag som symboliserer fridom, fred og verdien av samhald. Markeringa gav oss ei viktig påminning om dei offera som vart gjort og viktigheita av å aldri ta freden for gitt.

Ungemotivatorar er rollemodellar på det å ta medvitne val, bry seg og inkludera alle. Dei gjennomfører Mot-økter på 7. trinn på barneskulane, og tryggjer i overgangen til ungdomsskula.
Dei er viktige samarbeidspartnare i MOT arbeidet ved skulen.

Me er stolte av desse flotte ungdommane!


I dag har me opna kantineområdet. For ei fantastisk oppleving! UngeMOTivatorar og elevrådet gjorde ein strålanda jobb <3. Me er heldige som har så mange flotte ungdommar her ved skulen!

Området er rusta opp med møblar kor elevane kan ha det triveleg i friminutt og pausar. Me gler oss til vidare arbeid med området, og fleire komande trivselstiltak.

Skulen ønskjer alle ei strålande påske!


Fredag vil me opne opp kantineområdet. Følg med for oppdateringar!