Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kva er SU?

SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

SU er omtala i Opplæringslova § 11-1:

"Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stade når saker som er omfatta av teieplikt etter lover og forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet"

Som eksempel på saker SU kan uttale seg om, kan vi nemne følgjande:

  • Forslag til budsjett
  • Verksemd - og utviklingsplanar til skulen
  • Plan for heim - skule samarbeid
  • Skulevurdering
  • Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
  • Informasjonsarbeidet til skulen
  • Prinsipp for val av bøker til skulebiblioteket
  • Fritidsaktivitetar
  • Skuleskyss
  • Traffiktilhøva og korleis skulevegen kan sikrast
  • Ordensreglementet

Skal SU bli eit reelt styringsorgan ved skulen, må førebuingane til arbeidet vere grundige. Saksliste og sakspapir må sendast ut i god tid før møtet skal haldast, minimum ei veke på førehand. Sakslista vert sett opp av leiar, som ofte er ein foreldrerepresentant, i samarbeid med rektor.

FAU sine representantar må drøfte sakene i FAU på førehand slik at FAU - representantane i SU varetek heile FAU sitt syn på sakene. Det er difor viktig å leggje ein felles møteplan for FAU og SU, slik at FAU - møta alltid ligg om lag ei veke før SU- møta.

Kvart medlem i SU bør få si eiga mappe. Mappa bør innehalde følgjande:

  • Opplæringslov med forskrifter
  • Ordensreglement
  • Årsplan/ årsmelding for skulen
  • Oversikt over medlem av rådsorgana til skulen, samt foreldrekontakt
  • Innkallingar, sakspapir, referat

Mappa blir ajourført og levert ut på fyrste møte i SU om hausten.

                                                                                              Kjelde: http://www.FUG.no