Besøk i klasserommet
3. klasse hadde forberedt seg på besøk frå Polen, Malwina og Agata.
Publisert: 03.03.2018 17:07 Sist endra: aldri Forfattar: Renate Furenes
Dei har laga veggavis med informasjon om Polen, som dei presenterte på engelsk og dei hadde forberedt spørsmål på engelsk til Malwina og Agata. Utover dette snakka dei og spurte om det dei ville. Vi hadde og alle 9 representantene frå prosjektet på besøk i klasserommet for å lære og sjå korleis vi jobba med utviklande matematikk og stasjoner i engelsk. Eg er kjempestolt av eleven som klarer å gjennomføre timen nokså normalt sjølv om dei hadde mange tilskuere. Dei klarer og å svare på spørsmål og å snakke med dei på engelsk.