Onsdag hadde Sviland skule besøk av Science Circus.
Først eit flott energishow i gymsalen. Så var det utstilling med mange ulike aktivitetar som elevane kunne prøve. Til slutt var det ei klasseopplegg som kvar klasse deltok på. 1. og 6.klasse var saman på "Planetsurfing i verdsrommet". Her sat vi inne i eit stort svart telt, og kunne sjå heile stjernehimmelen over oss. Vi reiste både til Jupiter og Venus for å sjå nærmare på dei, fekk sjå korleis Melkeveien såg ut, og zooma oss heilt inn på Sviland og gymsalen til Sviland skule.
.