Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Om skulen

Tu skule er ein flott skule som stod ferdig januar 2015. Me har moderne lokale som innbyr til god undervisning og godt samarbeid. Me er ein PALS-skule der me legg vekt på positiv samhandling og støttande læringsmiljø.

Det er 240 elevar ved skulen fordelt på 1.-7. trinn. Kvart trinn har eigen inngang og eigen base. Alle elevane ved skulen har undervisning på nynorsk.

Skulen legg vekt på praktisk estetiske fag der me nyttar dei flotte lokala ved skulen. Kåsenhallen, fotballhallen, Kåsenbanen, skulen sitt uteområde og Vardheia vert nytta til kroppsøving. Me har aula og godt utstyrt musikkrom i tillegg til stor kunst- og handverkavdeling. I tillegg har me skaparverkstad (makerspace) med mykje utstyr. Her får elevane utfalda seg kreativt både med analoge og teknologiske verktøy.

Alle elevar og vaksne på skulen nyttar iPad dagleg. Læringsbretta har opna nye moglegheiter for tilpassing og kompenserande hjelpemiddel i læringa. I november 2018 feira me at skulen vår vart godkjend som fyrste dysleksivennlege barneskule i Rogaland. Me vil arbeida vidare med at alle elevane våre skal få tidleg og god hjelp. Skuleåret 2023/2024 har Tu skule desse satsingane: Vurdering, variert undervisning og munnlege ferdigheiter.

Me er stolte over å vera praksisskule for Universitetet i Stavanger. Me skal både ha studentar frå GLU. 1-7, GLU 5.-10 og barnehagelærarutdanninga. Mest sannsynleg får me også studentar frå barnevern og sosionomutdanninga. I tillegg har me godt samarbeid med Bryne vidaregåande. I løpet av året har me fleire elevar som er i praksis frå barne- og ungdomsarbeidarlinja. Me ønskjer å halda fram med å vera ein skule der både me og studentane kan utvikla seg.

Dei eldste elevane på Tu har mange viktige oppgåver. Dei har blant anna ansvar for MiPa (miljøpatrulje) i friminuttet. Viss du går forbi skulen i friminuttet kan du både sjå og høyra god aktivitet. På biblioteket har elevane ansvar for rydding og merking av bøker. Elevane på mellomtrinnet har også tilbod om skaparverkstad i friminutta.  

Me er særs glade for å ha eit godt samarbeid med FAU, driftsstyret, lag og foreiningar i Tu-krinsen. Partnerskap mot mobbing er eit døme på korleis me står saman. Partnerskapet arbeider for at alle i krinsen skal stå saman mot mobbing og arbeida for gleding. «Vaksne skapar vennskap» er eit motto for partnerskapet. Til no har Marco Elsafadi, Silje Marie Strandberg og Siri Abrahamsen hatt føredrag for alle. I tillegg har partnerskapet arrangert utekino og sommargleding/aktivitetsdag. Me er stolte over samarbeidet i krinsen vår!

Tu skule skal vera ein god plass å vera for store og små. Me ønskjer å leva opp til visjonen til kommunen og skulen som er " Med blikk for alle "