Snart tid for Halloween....
Tida før Halloween er «travel» for mange av elevane våre. Erfaringar frå i fjor gjer at me vel å leggja ut ein artikkel om dette. Tida er travel fordi fleire vil gjera avtalar om kven som skal vera i lag på Halloween. Det er sårt å vera den eine som ikkje er inkludert i ein gjeng eller eit arrangement. Me oppmodar elevar og vaksne til å løfta blikket og sei: Bli Med!
La Halloween vera ein dag med inkludering, og ikkje ekskludering.