Folkehelse, livsmeistring og gleding har vore fokus på Tu skule. Me innleia gledingsveka med trylleshow for 1.-3. trinn av Ray Speedy og føredrag av Marco Elsafadi for 4.-7.trinn. På kvelden fekk føresette og tilsette høyra viktig bodskap frå Marco. I løpet av veka hadde elevane gledingsbingo i lekse. For å setja fokus på fysisk aktivitet gjorde me om timeplanen og hadde fysisk aktivitet ein time til dagen. Sunt kosthald er også ein del av folkehelseperspektivet. Havregraut vart derfor servert i lunsjen og alle trinn fekk frukt og grønsaker ein av dagane. På onsdagen gjekk turen til Bjødnalia. 267 elevar og 33 vaksne vart frakta med sju bussar. Absolutt alle gjennomførte turen og fadrane gjorde ein kjempejobb med å motivera yngre elevar. På fredag avslutta me med open skule. Det var ein stor suksess!
.