6. trinn kosa seg med lesetime i dag der me kombinerte individuell lesing og samtale om litteratur. I løpet av timen var alle innom ein stasjon der dei sat saman i gruppe og snakka om boka dei les. Dei fortalde kvarandre kva boka deira handlar om, om det er ein serie, kva sjanger dei les, om dei liker boka eller ikkje og kanskje hadde andre lese same bok som dei. Elevane hadde med seg eigen tekopp og kunne nyte ein kopp te både under eiga lesing og i samtale.
.