Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skulebesøk til Haugabakka

6. trinn hadde ein flott sykkeltur til Haugabakka på torsdag3.april. Sola strålte og humøret var godt.

Kristine tok i mot oss og me fekk bli med inn i skulehuset. Der fortalde ho om tradisjonsmat og elevane var flinke til å delta. Dei fekk vera med på å kinna smør og lærte kva ingrediensane i ekte smør er. Smaksprøver blei delt ut. Smøret smakte godt på flatbrødet og mange ønskte fleire smaksprøver.

Etterpå flytta me oss over i Folgehuset og bakte potetkaker. Alle fekk ei potet som dei måtte skrella, mala og det blei nok til to emne. Kjevlinga var litt utfordrande for det var viktig med mykje mjøl, men alle fekk det til. 

Nysteikte potetkaker smakte fantastisk med nykinna smør og sukker på.