Eit godt psykososialt miljø og eit godt
læringsmiljø legg til rette for trivsel, glede og god læring.
Vi som arbeider på Vikevåg skule arbeider
systematisk og kontinuerleg for å kunne tilby alle elevar ein trygg og fagleg
stimulerande skulekvardag. Vi fokuserer på dei vaksne sin rolle som gode
forbilde og tydelege leiarar i klasserommet med struktur og kultur for læring.
Vikevåg skule har satt seg følgjande langsiktige
mål:
·
- Elevar ved Vikevåg skule skal
kunne oppleve eit godt læringsmiljø som er fritt for mobbing.
- Vikevåg skule skal ha
effektive tiltak som fremmer elevane sine sosiale ferdigheiter og som bidrar
til å forebygge, redusere og stoppe eventuell problemåtferd på eit tidlegast mogleg
tidspunkt.
- Skulen skal gjennom
systematisk oppfølging og forbetringar av dei fysiske forholda og arbeide for at
desse til ei kvar tid er best moglege.
- Elevrådet ved Vikevåg skule
skal delta aktivt i skulemiljøarbeidet.
- Vikevåg skule skal drive
systematisk arbeid for å fremje helse, miljø og sikkerheit til elevane.
Vikevåg skule har eit ordensreglement, klasse-
og skulereglar og ein handlingsplan som er kjent for alle elevar og vaksne. Det
gjer i seg sjølv tryggleik og forutsigbarheit.
Vi veit kor viktig det er med gode
relasjonar mellom elev og vaksne. Elevane på vår skule skal oppleve at dei vaksne
bryr seg, viser omsorg og ser kvart enkelt barn.
Vi ønskjer å ha eit nært og godt
samarbeid med føresette.
Med felles haldningar og forventningar til elevane,
blir det lettare å drive førebyggjande og haldningsskapande arbeid.
I denne handlingsplanen ligg
rutinebeskrivingar for det førebyggjande arbeidet og beskrivingar av korleis skulen
ivaretek saker som gjeld mobbing, ekskludering og mistrivsel.
Planen blir revidert årleg.