Informasjon om skulen

Vikevåg skule ligg i Vikevåg på Rennesøy, i Stavanger kommune. Skulen ligg i naturskjønne omgivnader med flotte uteområder rundt skulen med turmoglegheiter både til sjø og til fjellknausar. Skulen er ein 1.-7.skule med ca 300 elevar og eit personale på rundt 45 personar. 
På SFO er det omlag 80 born.

Skulen har eiga skulehage i nærleiken der elevane kan utfolde seg gjennom praktiske og varierte aktivitetar på tvers av fag. Her får elevane naturopplevingar og eit fagleg grunnlag knytta til naturressursar, biologisk mangfold og bærekraftig utvikling.  

Satsingsområdene våre er: Systematikk i begynneropplæringa, samarbeid heim-skule og digital kompetanse.   

Vikevåg skule er ein praksisskule for lærarutdanninga på Universitet i Stavanger.