Elevar med meir enn 4 km skuleveg har rett på gratis skuleskyss. Grensa er 2 km for elevar i første klasse.
Elevar med rett på skuleskyss får busskort på skulen. Kortet er eit verdikort som berre skal brukast til og frå skulen. Elevane må ta vare på kortet frå år til år.
Elevar som mister kortet må melde frå til skulen for å få nytt kort. Dersom eleven finn kortet igjen må dette leverast tilbake til skulen. Elevar frå 5.klasse må betale gebyr for å få nytt busskort.
Elevar som ikkje har rett på skuleskyss kan kjøpe busskort sjølve og følgje oppsette skulebussar.
Det køyrer skulebuss frå Sørbø og Østhusvik.