Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Sveinsvollsvegen 5 4340 Bryne
Telefon: 51 77 64 40 Faks: 51 77 64 41 Send e-post til oss
Redaktør: Elsa Djuve Jerstad
Gå til Its Learning
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2016><<
desember 2016
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
I samband med Offshore- og maritime dag reiste 17 elevar frå 10. trinn ved Bryne ungdomsskule til Stavanger tysdag 6. desember. Der fekk dei besøke Skoleskipet Gann som tilbyr Teknikk og industriell produksjon på Vg1 og Maritime fag på Vg2. I tillegg møtte dei ulike bedrifter og opplæringskontor på Oljemuseèt som informerte om moglege utdannings- og yrkesval innanfor offshore og maritim sektor.

10. klassane i Time kommune, samt  10. trinn på Orstad skule, har i veke 47-48 arbeidd med faget Utdanningsvalg. Her fordjupar elevane seg i eitt av dei 13 utdanningsprogramma me har i den vidaregåande skulen. 30 ungdomar har valt idrettsfag i år. Undervisninga i idrett legg vekt på noko teori, men òg praktiske øvingar og innføring i ulike idrettar. Nytt i år er tennis på timeplanen.

Nå har me fått på plass nye sykkelstativ og ser fram til å få ein ryddigare skuleplass og mindre skadar på syklane. Stativa er for alle typar syklar og de som ikkje har støtte på sin, kan nå setja den fast i stativet slik at den ikkje ligg på bakken. De som parkerer ved Brynehallen, må setja syklane i atriet, bak mediateket. Her har me fått flotte, fastmonterte sykkelstativ der de kan låsa syklane dykkar. De som parkerer utanfor Kunst og handverk, kan setja syklane på framsida av bygget, i stativa langs Sveinsvollsvegen.

Her finn du elevundersøkinga

I samband med utviklingsamtaler ønskjer skulen at de tek ei foreldreundersøking som Utdanningsdirektoratet gjennomfører. Brukarnavn og passord får de hjå kontaktlærar på utviklingssamtalen. De kan svara på undersøkinga her

For meir informasjon, sjå under diverse dokument - fleire dokument.

 


I høve Trygg trafikk sin refleksdag fekk alle elevane utdelt kvar sin refleks i sist veke. Sjå videoen og bruk refleks!
https://www.nrk.no/mr/her-er-refleksvideoen-som-tar-av-1.12667974

 


Kvalitetsplan mot mobbing finn de her.

BUS har inngått avtale om å bli Trivselsleiar (TL) skule. Målet er å få masse god aktivitet i friminutta. Dette gler me oss til å koma i gong med! Sjå informasjon under "brev og beskjedar".

I desse dagar er me rundt og informerer elevane på 8. og 9. trinnet på TL. Me ynskjer at mange søkjer om å bli trivselsleiar innan onsdag, og det vil bli valgt ut 10 elevar pr trinn som får vera TL nå i første omgang.

Måndag 5. september skal heile TL-gjengen på inspirasjonskurs i Sandneshallen.

 


Innsøkninga til vidaregåande skule var ferdig 1. mars og elevane på 10. trinn fordelte førsteønska sine slik:

Bygg- og anleggsfag 10 stk
Design og handverk 0 stk
Elektrofag 7 stk
Helse- og oppvekstfag 9 stk
Idrettsfag 10 stk
Kunst, design og arkitektur 1 stk
Media og kommunikasjon 6 stk
Musikk, dans, drama 7 stk
Naturbruk 0 stk
Restaurant- og matfag 6 stk
Service og samferdsel 6 stk
Studiespesialisering 52 (48 av desse på Bryne vgs)
Teknikk og industriell produksjon 16 stk

Dette betyr at 49% (70 stk) søkte yrkesfag og 51% (74 stk) søkte eit studieførebuande utdanningsprogram. Slik har det vore hjå oss dei siste åra og det er om lag på landsgjennomsnittet.

Fordeling på skular:
Bryne vgs 121 stk
Vågen vgs 10 stk
Tryggheim vgs 6 stk
Jåttå vgs 4 stk
Sola, Godalen og St.Svithun 1 stk kvar


Bryne Ungdomsskule har kantine, der det er sal kvar dag.  Det er brødmat med mange ulike pålegg å velja i mellom.  Måndag, onsdag og fredag lagar valfaggruppene ulik mat som lapskaus, pastasalat, pizzasnurrar, baguettar mm.  God-morgon yoghurt og vanlege yoghurtar kan ein og kjøpa.  Når det gjeld drikke, kan ein velja mellom mjølk, Litago og ulike justypar.  Betalinga skjer kontant eller med klyppekort i kantina. Klyppekort er billigast!  Elevane må fylla ut eit skjema som føresette må skriva under på, for å få kjøpt eit klyppekort.  Skjemaet får du på skulen, eller du kan printa ut skjemaet frå heimesida.  Føresette vil då få ein giro i posten.