Bryne ungdomsskule ligg sør-vest i Bryne sentrum i Time kommune på Jæren. Me har i overkant av 300 elevar. Elevane kjem frå tre barneskulekretsar: Hognestad, Rosseland og Bryne.
Me har fire og fem parallellar på 8., 9. og 10. trinn.
Me har også innføringstilbod for elevar som kjem nye til landet.
Det er om lag 50 tilsette ved skulen. Drygt 40 av desse er lærarar.
Rektor er Iselin Gjære Lothe, og avdelingsleiarar er Monica Penne Norheim, Morten Erga Finsberg og Asgeir Lystvet.
Lærarane underviser i hovudsak på eitt trinn. Me tilbyr tysk og spansk som 2. framandspråk, og me har engelsk og arbeidslivsfag som alternativ til desse. Me har også mange ulike valfag. Desse varierer alt etter elevane sin ønskjer, men gjengangarar er fysisk aktivitet og helse, trafikk (10.trinn), friluftsliv, utvikling av produkt og tenester, programmering, og design og redesign.
Alle elevane har læringsbrett som verktøy. Lærarar og elevar brukar Teams som plattform for alt arbeidet dei skal gjera. Her får elevane planane sine og arbeidet dei skal gjera. Dei skal også levera arbeid dei gjer på skulen og heime inn på Teams. Vekeplan og informasjon om kva som skjer på trinnet blir lagt ut på heimesida vår. Me anbefaler at føresette abonnerer på nyheiter frå heimesida for å få med seg informasjon som blir lagt ut.
Me har ei stor, flott kantine der elevane kan kjøpa enkel brødmat og melkeprodukt. Her kan lesa meir om Kantine.
Bryne ungdomsskule er ein Olweus-skule, det betyr at me har eit system me bruker når elevar opplever at dei blir trakasserte eller mobba. Me treng hjelp frå alle føresette i dette arbeidet, og ønsker at avstanden mellom skule og heim skal vera slik at det er lett å ta kontakt med oss. Me har stort forkus på at alle elevane hos oss skal ha eit trygt og godt skulemiljø der dei kan læra så mykje så mulig ut frå dei forutsetningane dei har.
Skulen er praksisskule, og tek kvart år i mot fleire parti med lærarstudentar frå UiS. Me synest det er verdifullt og givande å ha praksisstudentar hos oss, og er opptekne av at dei skal kjenna seg som ein del av kollegiet dei vekene dei er her.