Inntak vgs: Kva skjer om sommaren etter 10.trinn?

  • Første inntak er omkring 3. juli. Du vil få ei tekstmelding om at du skal logge deg inn på Vigo.no. Ta imot tildelt plass eller ventelisteplass. Om du har fått ein plass som ikkje er førsteønske, må du uansett sei JA. Du kan samtidig stille deg på venteliste til høgare ønske. Dei som ikkje har fått tildelt plass, set seg på venteliste og vil sannsynlegvis få tilbod i andre opptak.
  • Andre opptak er omkring 17. juli. Du som ikkje har fått tildelt noko skuleplass i førsteopptaket eller står på venteliste, vil få ei tekstmelding om at du må logge deg inn på Vigo.no. Her må du ta imot plassen du har fått, og dersom det ikkje er førsteønske, kan du setje deg på venteliste for høgare ønske.
  • Opptak etter andreopptaket er fortløpande, og om du ikkje har fått skuleplass enda eller ikkje er nøgd med det du har fått, bør du sjekke Vigo.no ofte fram til skulestart.
  • Oppmøte første skuledag er viktig for å behalde skuleplass i vidaregåande opplæring.
  • Når du har fått skuleplass, kan du søkje om utstyrstipend hjå Lånekassen. Lånekassen er staten sin bank for elevar og studentar. Dei gir lån, men òg stipend (som betyr gratis penger). Alle som søker får utstyrstipend, og beløpet pr år varierer mellom kr. 1.400,- og kr. 7.300,-, alt etter kva utdanningsprogram du skal gå på. Du kan bruke heile eller deler av utstyrstipendet til å kjøpe PC på avbetaling over tre år gjennom Rogaland Fylkeskommune.
  • Alle må ha eigen PC i den vidaregåande skulen (utanom arbeidstrening og kvardagslivstrening). Dersom du ønsker å kjøpe PC gjennom Rogaland Fylkeskommune sin gode avtale, og vil ha PC-en klar til skulestart, bør du bestille så raskt bestillinga opnar. Sjekk heimesida til Rogaland Fylkeskommune.