Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Sveinsvollsvegen 5 4340 Bryne
Telefon: 51 77 64 40 Send e-post til oss
Redaktør: Elsa Djuve Jerstad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Me håper at alle elevar tek turen ut i friminutta! Sjekk ut garasjen, bli med på aktivitetar og sei hei til dei i gul vest.😊

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

Då har roen senka seg her på skulen etter nok eit år med god innsats og godt utført arbeid både av elevar og vaksne. 

Me ønsker alle elevar og føresette god sommar og god ferie. 

Skulen startar opp att torsdag 15. august. 


Trinnoversikt over lærarar på Bryne ungdomsskule for neste skuleår 2024/2025

 

8. trinn - Avdelingsleiar: Monica Penne Norheim 

8A: Norunn Tveit og Sondre Maudal

8B: Kristin Hovin Thorsen og Andreas Sannarnes Kvitvær

8C: Stine Vigrestad Austad og Miriam Vølstad Vigre

8D: Kristian Mora og Anne Marie Jåtten

8E: Elina Reime og Jonas Aarrestad Trodahl

Faglærarar på trinnet: Elisabeth K. Jørgensen, Linda Nora Rogn, Anastasia Amosenkova og Øyvind C. N. Skuggedal.

 

9. trinn - Avdelingsleiar Iselin Gjære Lothe 

9A: Jørn Gabrielsen og Christine Espeland 

9B: Hege Oseland og Olav Skurve

9C: Mirijam Ueland og Helen Hetland Mori 

9D: Pål Endre Oftedal og Signhild Jenny Stave Samuelsen 

Faglærarar på trinnet: Elise Engelsvold Dommersnes, Hilde Jorunn Arnø Vetrhus, Vegard Vik, Kristian Mora.

 

10. trinn - Avdelingsleiar: Anna Magnussen Vik 

10A: Karen Hognestad Liland og Borghild Hognestad

10B: Egil Pollestad og Stian Emil Pettersen 

10C: Elin Rasdal Håland og Charlotte Tjelta Hansen

10D: Susanne Aarthun og Tale Tryggeseid Meling 

Faglærarar på trinnet: Erling Knutzen, Gonzalo Laguna Gonzalez, Mari Edland, Alf Tore Gjesdal, Anny Sør-Reime. 


Møllekjellaren kan by på mange kjekke aktivitetar i veke 27, 31 og 32. Sjå vedlagt skriv for meir info. 

Care4all kan tilby mange kjekke aktivitetar i sommarferien. Sjekk vedlagt dokument! 

Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, og det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet.
Me har gjennomført Olweusundersøkinga på alle trinn, og årets mobbetal er 5,7%. Dette er lågare prosentvis enn det ein ser på landsgjennomsnittet.
Me er sjølvsagt ikkje nøgde med at nokre elevar blir mobba eller føler seg plaga, og dette jobbar me med dagleg for å få ned desse tala.

Me evaluerer undersøkinga grundig for å gjera endringar og setja inn nye tiltak. Undersøkinga blir tatt opp i alle klassane, i fellestid med lærarane, i elevrådet og i FAU.

Me er glade for at det er svært høg trivsel på skulen. Heile 96% av elevane seier at dei trives på skulen.

Det finnes eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar som gir tilbod og støtte til kultur og fritidsaktivitetar.  

''Hei klassekontakter 8. og 9 trinn (9. og 10. trinn til høsten) 😊

Her kommer oppsett med fordeling av datoer for de ulike klassene for å gå natteravn høsten 2024. De klassene som er satt opp først i høst kan allerede nå få på plass hvilke foreldre som stiller før sommerferien tar til. Slik det er nå så fordeles natteravn dugnaden lørdager mellom Vardheia og Bryne ungdomsskule. Vardheia ungdomsskule går natteravn på våren og Bryne ungdomsskule på høsten, dermed blir de ulike klassene bare satt opp en gang i året.

Ta kontakt dersom dere lurer på noe. 

Vennlig hilsen

Anne Lovise Skailand

daglig leder
Blå Kors Bryne

Mob. 90974376''


Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august for skuleåret 2024/2025. 

I vekene som kjem, vil det bli sendt ut SMS til alle foreldre/føresette med invitasjon til å delta i Foreldreundersøkinga. Begge føresette blir invitert til å svare. Elevundersøkinga blir gjennomført på skulen. De finn meir informasjon om både foreldre- og elevundersøkinga i vedlegga til høgre.

Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.  

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Natteravnvandringen lørdag kvelder blir nå fordelt mellom Vardheia U og Bryne U. Dette fører til at dugnaden blir fordelt på enda flere foreldre og klasser i løpet av et år. Når klassekontakt da spør foreldre om å stille, oppfordres dere til å være kjappe med å respondere og gi litt av tiden deres og bli med som natteravn. Det er en veldig kjekk og meningsfull dugnad å være med på. Viktigheten av at vi som foreldre bryr oss om lokalmiljøet og tryggheten til ungdommene er gull verdt. Og tilbakemeldinger fra både ungdommer selv, andre voksne og politiet er at det er trygt å vite at edru voksne er ute som natteravner, er tilgjengelig og tilstede for å observere og kunne hjelpe der det trengs

 



Nå kan du trygt og enkelt avtale timer på helsestasjonen og med skolehelsetjenesten via Helsenorge. Her kan du se dine barns timeavtaler, hvilket barn som har timen, få oversikt over vaksiner og sende meldinger hvis du lurer på noe.
Du har fullmakt for dine egne barn under 16 år, når du har gitt fullt samtykke. Det finnes også mye god kvalitetssikret informasjon til deg som forelder.
På Helsenorge får du også oversikt over din egen helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sykehus, prøvesvar, frikort mm.
Logg inn på Helsenorge for mer informasjon om digital helsestasjon. 

Kilde: Skolehelsetjenesten på nett (ks.no)


Her kjem ei påminning for dei som blir køyrde til skulen. Me anbefaler at de bruker av og på stiginga oppe i bakken i Sveinsvollsvegen og følgjer vegen vidare til Ole Tjøttas veg, som fører ut til Meierigata. Altså kjør oppover i bakken, ikkje nedover. Då er de på rett side av avleveringsfeltet. 


Grunna den nasjonale kraftsituasjonen og energikrisa i Europa, tek Time kommune grep for å halde kommunen sitt eige energiforbruk nede.
Eit av tiltaka er senking av temperaturen i kontorbygg, idrettshallar, skular og barnehagar.
Det vil verta individuelle tilpassingar, men jamt over vil temperaturen i klasserom og andre opphaldsrom senkast frå 22 til 20°C. I barnehagar vert det differensiert på rom for småbarn og eldre barn. Temperaturen skal ikkje ned på småbarnsavdelingar. Der det er praktisk mogleg vil temperaturen i gangareal bli redusert noko meir.
Sjølv om temperaturen vert redusert, skal den framleis vera i tråd med Helsedirektoratet sine anbefalingar for temperatur i opphaldsrom for skule og barnehagar. Anbefalinga er at temperaturen bør ligga på 20-24°C gradar om vinteren.
Barn er forskjellige og nokon frys lettare enn andre. For å sikra at ditt barn ikkje blir kaldt, anbefaler me å ha med ekstra klede på skulen/i barnehagen i tida framover, slik at barnet har moglegheita til å kle på seg ved behov.
Me minner også om at alle bør ha innesko/tøflar.
Me kjem til å snakka med elevane/barna om dette på skulen/i barnehagen, men det er flott om de også tek ein prat med eigne barn om viktigheita av å ha på seg nok klede for ikkje å frysa.
Arbeidet med å senka temperaturen i skular og barnehagar startar måndag 24. oktober.
Du kan lesa meir om andre tiltak som Time kommune gjer for å spara straum på kommunen si nettside: https://www.time.kommune.no/aktuelt/time-kommune-tek-grep-for-a-spara-straum.20200.aspx

Det går mot mørkare tider og me oppmodar om at me nå må finna fram refleksen igjen.
Refleks er den billigaste livsforsikringa du kan ha! Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Me anbefaler at du brukar refleks som bevegar seg når du går, og at du bruker minst to refleksar slik at du er synleg frå fleire kantar.

Nå er kantinekortet klart til bruk i kantina. Alle elevar skal ha fått tilbod om å få kvart sitt kantinekort. Hugs at du må laste ned appen DiggiPay eller gå inn på www.kantinekortet.no for å registrere kortet. Dei har ei eigen support de kan kontakte om det er noko de lurer på eller om de treng hjelp til registrering. Hugs å merke kortet med namn. Om eleven er uheldig og mistar kortet sitt, kan du raskt gå inn og sperre kortet i appen eller på nettsida deira. Dersom du mistar kortet og må få nytt, må du betale ein eigenandel på 50 kr. Pass godt på kortet. :-) 
Håpar dette blir ei god betalingsløysing i kantina, men me oppmodar sjølvsagt alle til å ha med seg eiga niste.

BRUK AV VERKTØYET «KLASSETRIVSEL» I TIME KOMMUNE

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om Klassetrivsel, GDPR og datasikkerheit her


Bryne Røde Kors har leksehjelp for ungdomsskuleelevar på Biblioteket på Bryne kvar tysdag kl. 16.00-18.00.