Bryne ungdomsskule har kantine, der det er sal av brødmat og meieriprodukter kvar dag. To dagar i veka lagar valfaggruppene ulik mat som horn, pastasalat, pizza, baguettar mm.
Betaling skjer via Kantinekortet - DiggiPay.
Alle elevar får utdelt eit Diggipaykort når dei byrjar på 8. trinn. Er ein uheldig og mister kortet, kan ein kjøpe nytt kort i administrasjonen på skulen. Dette kostar 50 kr og kan betalast med VIPPS #546674. Hugs å merke betalinga med namn på eleven.
Prisliste:
Drikke, stor (Litago, Juice) kr 20, / Noisy kr 22,-
Drikke, liten (Sjokomjølk, juice) kr 12,-
Rundstykker kr 9, / Heimelaga rundstykker kr 11,-
Go'morgen yoghurt kr 13,-
Rislunsj kr 13,-
Mjølk kr 7,-