Bryne ungdomsskule (BUS) har vore praksisskule i fleire år. Me har fleire praksislærarar og omlag 40 praksisskulelærarar. Me synest det er verdifullt og givande å ha praksisstudentar hos oss.
Ved Bryne ungdomsskule kan du forventa deg at me skal jobba i lag, du skal få høve til å læra av erfarne og kompetente lærarar, du kan forventa deg ein praksis som er prega av variasjon, rettleiing og vurdering.
Skulen vår har i overkant av 300 elevar fordelt på tre trinn, fire eller fem klassar per trinn.Trivselen blant både elevar og lærarar er stor på skulen vår. Me jobbar mykje for å skapa gode relasjonar og godt læringsmiljø for alle elevane. Me dreg på turar, har korte og lengre aktivitetar i skuletida, arrangerer vinterball, og me har ei stor kantine der elevane kan kjøpa god og sunn mat. Dersom miljøet er godt, lærer elevane.
BUS er ein Olweusskule, dvs at me i fleire år har jobba med antimobbeprogrammet utarbeida av Dan Olweus. Me har gode prosedyrar for å avdekkja mobbing, me har klassemøter kvar 14. dag og me jobbar systematisk med anti- mobbearbeid i kollegiet. BUS har nulltoleranse for mobbing.
BUS er ein del av Jærskulen. Me jobbar i lag i nettverk 2, saman med Nærbø ungdomsskule, Klepp ungdomsskule og Lye ungdomsskule. Dette samarbeidet skjer både på leiarnivå og på lærarnivå.
Lærarane og elevane ved Bryne ungdomsskule er stolte av skulen sin, lærarane av å jobba her og elevane av å høyra til her. Me ønskjer deg som lærarstudent velkommen til oss og håpar at du også får same opplevinga etter å ha hatt praksis her hos oss. Me oppfordrar deg til å vera aktiv, spørjande og ta inititativ slik at du får mest mulig utav tida di her hos oss.
Velkommen som lærarstudent på Bryne ungdomsskule.
Om å vera praksisstudent på BUS
Praksisplan - første studieår
Praksisplan - andre studieår
Praksisplan - tredje og fjerde studieår