10. trinn

Velkommen tilbake! Vi håper alle har hatt ein god sommarferie og er klare for å ta fatt på det siste året på ungdomsskulen. Det var veldig hyggeleg å s alle elevane igjen, både gamle og nye fjes. 

Bøker 
Elevane har fått delt ut både bøker og Ipad. Nytt i år er at elevane no har fysiske lærebøker også i engelsk og norsk. Vi hadde sett stor pris på om ein tek på bokbind for å lettare kunne ta vare på dei.  

Kantina 
Kantina opnar måndag 18.august. I år kjem vi ikkje til å ta i mot kontaktar som betaling i kantina. Elevane må derfor bruke Digipay kort. Dette skal alle elevar ha fått av skulen. Om ein har mista dette må ein komme til administrasjonen å få nytt. Dette kostar 50kr. 

Heimesida 
Ei anna endring vil vere nettsida til skulen. Den har fått nytt design. No i oppstarten kan det vere at han manglar dokument som de leitar etter, men dette jobbar vi med no kontinuerleg i oppstarten. Hugs å abonner for å enkelt få varsel når ting blir lagt ut. 

UTV 
Elevane skal no ganske kjapt igjennom ein ny runde med UTV-veke. Dette er det same vi gjorde 9.trinn med besøk til vidaregåande, bedriftsbesøk og arbeidsutplassering. Dette vil skje i veke 39/40, så arbeidet med å få arbeidsutplassering byrjar ganske fort.  

I samanheng med dette har no elevane eit eige fag som heiter UTV fram til jul. Her vil rådgivar Erling ha undervisninga. 

Fotografering 
I veke 35 skal det bli teke bilete av elevane. Det blir teke både klassebilete og portrett. Nærare informasjon om tidspunkt vil elevane kunne finne på vekeoversikta. 

Helsing oss på 10.trinn